Dei 17 artistane heldt publikum i ande i nærare ein og ein halv time. Revyen vert òg spelt i Sandeid fredag.
foto: Anci C. Tinde
Dei 17 artistane heldt publikum i ande i nærare ein og ein halv time. Revyen vert òg spelt i Sandeid fredag. foto: Anci C. Tinde

Trimma lattermusklane

Det var stinn brakke på premieren til den nye revyen i Sandeid.

Publikum fekk fart på lattermusklane på premieren på Sandeid Ungdomslag sin revy «Kor långt kan me dra ‘an?».

— Dette er eit skikkeleg kick. Revy er utfordrande og eg er ganske spent no. Me skal treffa med humoren, men det skal jo ikkje verta for gale heller. Eg synest me er snille og det likar eg. Me satsar på at det går bra, sa Jostein Apeland, leiar i teatergruppa i Sandeid ungdomslag, rett før dei fyrste artistane gjekk på scenen i eit fullsett samfunnshus.

Tradisjon

Ungdomslaget si framsyning byggjer på lange tradisjonar. Det er ikkje fyrste gong det vert vist scenekunst frå dette ensemblet.

— Me har hatt framsyningar kvart år i 30 år no. Tidlegare år har me blant anna hatt kabaret og teater, men i år satsar me på revy krydra med musikalske innslag, fortel Apeland.

Han kan avsløra at det var ein prosess bak avgjerda om å laga revy.

— Me begynte å tenkja på framsyninga i mai. Til slutt enda me opp med eit kompromiss mellom fleire ting me hadde lyst til. Difor vart det revy med musikk og song frå rogalandsartistar, seier han og legg til at det er viktig med variasjon.

— Me må gje folk det dei vil ha og det vert keisamt for artistane å gjera det same kvart år.

Erik og Lars

Det er sandeidbuar som kler dei fleste rollene i revyen.

— I år har me 17 artistar på scenen og like mange bak scenen. I tillegg til ein frå Vikedal og ei frå Ølensvåg, er det sandeidbuar i alle rollane, fortel Apeland.

Og publikum fekk ei fin oppleving. Vekslinga mellom revy- og songnummer fungerte godt. Det er vanskeleg å trekkja fram nokre spesielle nummer, men radarparet Erik Grønnestad og Lars Handeland var verdt heile framsyninga. Dei hadde tre nummer i lag som fekk latteren til å ljoma i salen. Elles er det vel verdt å få med seg ein parodi på Vamp sin «Liten fuggel» og den litt alternative eventyrforteljinga «Kanskje, vett ikkje» med Linda Helgeland, Gudrun Svantesvoll, Vibeke Kro Selvaag og Tor Helge Selvaag.

Dersom du ikkje har fått med deg revyen så har du endå sjansen. Fredag er det «late night performance» i Sandeid.