Tjuvane brukte brekkjern på døra, og kom seg unna med litt tobakksvarer frå butikken Coop i Vikedal. Lensmann Ingvar Gjærde fortel at alarmen i butikken gjekk av, og kan ha skremd tjuvane frå å stele meir enn det dei gjorde. Han ber folk vere merksame då han mistenkjer at tjuvane langt frå har gjort sitt siste raid i vårt distrikt.
— Det er mogleg at tjuvane kan ha vore på jakt etter større ting, og at dei dermed kjem til å prøve seg igjen. Me vil gjerne ha tips dersom folk merkar seg personar som «snokar» i deira nærområde, seier han.