Høyrer ikkje på forbodet

No er det så tørt i graset at det skal ingenting for å starte ein større brann. To gonger måtte brannvesenet rykke ut luardag for å sløkke lyngbrann på Sørstranda og i sentrum av Etne, som blant anna var forårsaka av ein sigarettsneip. Sundag brann det igjen i Ølensvåg.

Brann i kledinga

Denne gongen brann det heilt inn til husveggen då lyngbrannen tok fyr under kledinga på huset. Lensmann i Vindafjord, Ingvar Gjærde, har sett seg lei på at folk ikkje lyttar til totalforbodet mot å gjere opp eld på grunn av den ekstreme tørka. Fleire skuldar på at dei skal svi av graset, noko han meiner er fullstendig tankelaust.

Blir politimelde

Totalforbodet har vore i begge kommunane sidan fredag og gjeld fram til det kjem nedbør av betydning.

Etter eit møte med brannsjef Oddvar Krakk måndag konkluderar lensmann Gjærde at det vil bli oppretta sak på alle nye slike brannar og at dei som bryt forbodet, blir politimelde.