Kollisjon på Fikse

Det var kl 13.33 politiet fekk melding om trafikkulykke på E134, Fikse på Etne-sida. Politi, ambulanse og brannvesen er på staden.

— To bilar har kollidert, men det er ikkje meldt om alvorleg personskade, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Dei to personane, begge sjåførar i 60-årsalderen, har kome seg ut av bilane og er ikkje skada.

Politiet opplyser at bilberging er rekvirert og at E134 kan bli periodevis stengt.

Kl 14.10 melder politiet at det er fri ferdsel, og at ein av sjåførane blir tatt med til legevakt for sjekk.