Def Leppard er klare for bluesen i Skånevik. Frå venstre Vivian Campbell, Joe Elliott, Rick "Sav" Savage, Rick Allen og Phil Collen. Pressefoto
Def Leppard er klare for bluesen i Skånevik. Frå venstre Vivian Campbell, Joe Elliott, Rick "Sav" Savage, Rick Allen og Phil Collen. Pressefoto

Legender kjem til Skånevik

Årets headliner til bluesen, Def Leppard, har seld meir enn 100 millionar plater.

Det legendariske hard rock/heavy metal-bandet frå Storbritannia har haldt det gåande sidan 1980-talet, og har fans verda rundt.

Festivalsjef Alf W. Christophersen legg ikkje skjul på at han er stornøgd med fangsten. Faktisk var Def Leppard det første bandet han begynte å jobbe mot til årets festival, men det vart tidleg klart at bandet ikkje hadde planer om å turnere i Europa i sommar.

— Tilfeldigvis fekk eg vite at dei plutseleg skulle turnere i Europa likevel, så då kontakta eg kjapt agenten deira, seier han og fortel at avtalen gjekk endeleg i boks i førre veke.

— Def Leppard føyer seg inn i ei lang rekkje store namn som har tatt seg turen til bluesen. Dei kan by på ein fin blanding av rock og rolege balladar. Dette blir bra.