Mistanke om promille

Den unge mannen vart stoppa av ein politipatrulje på E134 i Skjold tidleg på morgonkvisten i dag. Eit alkometer viste at sjåføren ikkje var edru, opplyser operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt som fekk inn meldinga klokka 06.25.

Politiet sikta han for å ha køyrd bil i påverka tilstand, og det vart tatt blodprøve av mannen.

Han har forklart til politiet at han hadde vore i Haugesund for å hente ein kamerat, som for øvrig låg og sov i baksetet. 19-åringen mistar retten til å ha førarkort fram til eventuell reaksjon blir fatta.