Talet har gått ned frå 102 til 69 primærsøkjarar. Inkludert i tala frå i fjor er også ni søkjarar til studiespesialisering, ei linje som ikkje vart sett i gang på grunn av for få søkjarar. Reduksjonen er særleg merkbar for førsteklassane. Lite elevkull og skriveri i lokalpressa om skulebruksplanen er den todelte årsaka til nedgangen, forklarar rektor ved Etne vgs., Marion Kallevik.
Lite kull
— 10.klassekullet er berre halvparten så stort i år som i fjor. I år tel dei berre 38 elevar i heile Etne kommune, men til neste år ligg tala på minst 64. Difor har eg god tru på at søkjartala vil ta seg mykje opp om eit år, seier rektoren, som påpeikar at ho ikkje er nøgd med dei nye tala men at ho har forståing for utviklinga ut frå omstenda i år.
— Me veit at mange elevar har vore usikre på kva dei kunne søke på etter at pressa skreiv om moglege utfall av skulebruksplanen, og der har me sannsynlegvis tapt nokre søkjarar. Skulebruksplanen vart jo først vedteke etter at søknadsfristen for elevane gjekk ut. Fleire elevar skal ha søkt seg bort frå heile distriktet i år, seier Kallevik.
— Så det har vore uheldig at skulebruksplanen har blitt behandla i same tidsrom som søknadsfristen?
— Nei, det vil eg ikkje seie. Eg føreheld meg til kva politikarane gjer. Det som kan ha vore negativt, er skriveriet om desse planane i pressa, svarar Kallevik.
Større Rogaland-kjøp
Det er særleg på Design og handverk (DH) og Teknisk og Industriell Produksjon (TIP) at tale peikar nedover.
— Den negative trenden for DH er i tråd med den nasjonale utviklinga, og det synest me er trist. Me har eit veldig godt tilbod, og skulle ønskje me fekk fleire elevar. Me har også nedgang i VK2-klassa, noko som heng saman med at det er utfordrande for oss å finne lærlingplass til desse elevane. Me hadde også ønskt oss fleire søkjarar til førsteklasse på TIP, men på VK2 har me faktisk venteliste, seier rektoren, og legg til at elevane ved skulen kjem frå fire forskjellige fylke.
— Berre Rogaland aleine ligg an til å kjøpe ni elevplassar i år. Vanlegvis plar dei kjøpe fire-fem, så dette er me sjølvsagt veldig nøgde med. Dei aktuelle linjene er medium og kommunikasjon, DH og TIP.