Det var ikkje få gonger bilistane måtte vinkast inn etter å ha køyrt for fort i Åkrafjorden i helga. Heile 80 bøter og fem førarkortbeslag viste fasiten etter to dagar med kontroll. UP-betjent Dan Magne Gaard skriv ut nok ein bot, mens UP-teamleiar Thor Arne Bjørnsen tar seg av alvorspraten. Foto: Elin B. Øvrebø
Frå UP sin kontroll i Åkrafjorden ved påskeutfarten. Foto: Elin B. Øvrebø

48 fekk fartsbot

Dyr avslutning på påskeferien.

80 fartsbøter skreiv UP ut i Åkrafjorden ved inngangen til påsken. Andre påskedag var politiet igjen på post med laseren på E134, og den nedslåande resultatet gjentok seg.

47 bilførarar på veg heim frå ferie fekk forenkla førelegg etter å hatt for høg fart. I tillegg blei éin førar meldt til politiet fordi han ikkje var villig til å vedta førelegget på staden.

UP-kontrollen i Åkrafjorden blei halden i 80 km-sona i tidsrommet 13.30 til 18.30, og høgast fart blei målt til 105 km/t.