Politiet fekk fredag kl 15.20 melding om trafikkulykke på Fv 46 like før Vikedal sentrum. Ein bil med fire personar i hadde køyrt inn i fjellveggen. Bilen blei liggande på taket.
— Ein kvinneleg passasjer på 19 år blei frakta til sjukehus for observasjon. Dei andre blei sjekka av lege på staden, opplyser operasjonsleiar Agnar Martin Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Vegen var stengt ein periode etter ulukka, men er nå open for vanleg ferdsel.