Fartsbøter i fleng

Dei to UP-patruljane fekk mykje å gjere under fartskontrollen i 80-sona ved Kyrping i Etne sundag kveld. Totalt 34 sjåførar fekk straffereaksjon frå politiet for å ha heldt for høg fart.

— 32 sjåførar fekk forenkla førelegg, éin person er politimeldt for køyring utan gyldig førarkort og for ha køyrt for fort, og ytterlegare ein person er politimeldt for å ha køyrt 120 km/t og mistar difor retten til å ha førarkort, opplysar operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Svein Roald Vikse.