Kravdokumentet Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag overleverte i Landbruksdepartementet i dag, er på 1,97 milliardar kroner i auka prisar og tilskot. I fjor var kravet tilnærma 2,2 milliardar kroner.
Sjølv om årets bondekrav er 200 millionar lågare enn i fjor, er det langt større enn tilbodet på 625 millionar som staten kom med i fjor, og som førte til brot med bøndene.