Fagjuryen i sving md å plukka ut finalistane. Foo: Norske Sjømatbedrifters Landsforening
Fagjuryen i sving md å plukka ut finalistane. Foo: Norske Sjømatbedrifters Landsforening

NM-finalistane er klare

Skakkelaks er med vidare.

Første del av NM i Røykt og Gravet Laks 2013 er avvikla i Trondheim.

Ein fagjury beståande av fem personer har vurdert alle produkta og i fellesskap kome fram til fem finaleprodukt for kvar klasse; kaldrøykt, varmrøykt, gravlaks og open klasse.

Konkurransen i år samla 23 produsentar frå heile landet, og til saman blei 62 forskjellige produkt bedømt.

Aqua Nor

Som vanleg arrangerer Norske Sjømatbedrifters Landsforening NM i røykt laks og gravlaks i samband med messa Aqua Nor. Bedømminga blir gjort i samarbeid med Høgskolen i Sør-Trøndelag, avdeling for Matteknologi, og økonomisk støtte har konkurransen fått frå Innovasjon Norge og Norges Sjømatråd.

Sjølve kåringa blir gjennomført i god tid før Aqua Nor 2013 går av stabelen i august, og messa vil bli nytta til å setja ramme rundt sjølve prisutdelinga.

Finaleprodukta skal i neste omgong bli bedømt av 24 dommarar. Totalt vil nær hundre personer vera involvert i kåringa av Norges beste lakseprodukt.

Mange bra

— Konkurransen i år har vore jamn og det er derfor ein siger i seg sjølv å koma til finalerunden. Veldig mange bra produkt har deltatt i konkurransen kor få har skilt seg veldig ut verken på den positive eller negative sida. Dette gjer det sjølvsagt vanskelegare å finna ein vinner, men er desto betre for norske forbrukarar som kan kjøpa så mange flotte produkt fra mange forskjellige leverandører, seier fagsjef Kari Griegel i NSL.

Finalistane er:

KALDRØKT

Sotra Fiskeindustri

Seaman Seafood

Karmøy Laks

Fonn Egersund

Lofotprodukt

GRAVET

Brødr. Remø

Hansens Røkeri

Sotra Fiskeindustri

Leiren Laks

Lofotprodukt

VARMRØKT

Hansens Røkeri

Bofisk

Mikals Laks

Fonn Egersund

Lofotprodukt

OPEN

Bofisk

Mikals Laks

Skakke Foredling, Etne

Espevær Røykeri

Leiren Laks