Politiet sin promillesjekk starta med at i dei to første bilane som vart tatt inn, blir sjåførane sikta for promillekøyring. Begge blåste positivt og dei måtte difor inn til blodprøve, opplyser operasjonssentralen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Kontrollen starta klokka 09.17 i Skånevik og etter ein halvtime kom dei to første sjåførane, med promille.