49 tatt i fartskontroll

Politiet sjekka pinsetrafikken måndag ettermiddag. Fartskontrollen på E134 på Kyrping i Etne resulterte i heile 49 forenkla førelegg.

— Høgaste fart blei målt til 111 km/t i 80-sona, noko som kostar 7.800 kroner, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Det var UP som stod for kontrollen som blei halde frå kl 14.30 til 19.00.