Bil i brann

Brannvernsentralen i Haugesund fekk onsdag kveld rapport om brann i ein personbil i Ølen. Det var ingen personar i bilen.

Ein halvtime seinare meldte brannsjefen i Vindafjord at brannen var sløkt. Like etter hadde ein politipatrulje fått snakka med ein man i 30-årsalderen som disponerte bilen, opplyser operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Saka bli etterforska vidare.