Ølmedal Rundt er eit av dei største idrettsarrangementa i distriktet. Arkivfoto: Peder Lundegård
Ølmedal Rundt er eit av dei største idrettsarrangementa i distriktet. Arkivfoto: Peder Lundegård

Folkefest i Ølmedal

Anders Aukland inn for Petter Northug.

Arrangøren håper på 600 til 700 deltakarar til årets Ølmedal Rundt som blir arrangert måndag, andre pinsedag, for 27. gong.

Ølmedal og Vindafjord IL helsar på tampen av denne langhelga velkommen til eit av dei største trim- og konkurranseløpa i Rogaland. Primus motor Lars Olav Larsen håpar på fint vêr som alltid er avgjerande for oppslutninga og ramma rundt folkefesten i slutten av mai.

— Dette er først og fremst ein familiedag. Som vanleg er det lagt opp til ein tur- og trimklasse med tidleg start i den sju kilometer lange løypa rund Ølmedalsvatnet. Deretter blir det barneløp som er blitt meir og meir populært, før konkurranseløparane slepp til, seier Larsen som også lokkar med grilling og sosial hygge, samt medaljar til alle i barneklassen.

Aukland

Petter Northug har vore trekkplaster to år tidlegare, og også i år var han invitert. Laurdag kveld kom diverre meldinga om at skistjerna likevel ikkje kunne stilla. På kort tid greidde arrangøren i hanka inn Anders Aukland.

— Dette er eit flott alternativ. Aukland stiller for tredje gong her i Ølmedal, seier Larsen som er glad for å få med ein glimrande skiløpar og toppidrettsutøvar. Aukland har vunne Birkebeinarrennet dei to siste åra og har også gått til topps i prestisjekonkurransen Vasaloppet.

I Ølmedal Rundt har Aukland vore på pallen dei to gongene han har stilt.

Stort løft

For Vindafjord IL er dette det største enkeltarrangementet, og arrangøren håpar å setja igjen med vel 30.000 kroner, som er ei betydeleg inntekt til det allsidige idrettslaget. Som vanleg er Øyvind Skeiseid med som speaker, og dermed er ei morosam og underhaldande ramme rundt massemønstringa sikra.

Dugnadsarrangementet krev eit apparat på 25- 30 personar, men alt i dagane før er 10 – 15 personar i sving med å rigga til. På det meste har Ølmedal Rundt samla 1.300 deltakarar.