Det kunne gått frykteleg gale då dølahesten Stella (10) og fjordingen Bru Prins (4) (også kalla «Pelle») hamna ut i myra like ved idrettsbanen i Skånevik. Då den eine eigaren, Anita Leknes skulle henta dyra heim torsdag ettermiddag, stod dei ute på eit blautt område, og plutseleg begynte begge hestane å synka.
Lise Åsheim som er venn av Anita, blei oppringt av ein fortvila hesteeigar. Ho viste ikkje si arme råd; hestane stod med beina og deler av kroppen nede i myra.
— Eg tok med meg sambuaren og to – tre personar frå Skånevik Ølen Kraftlag og drog i full fart for å hjelpa, fortel Åsheim til Grannar.
Etter ein halv time var eit stort, frivillig redningsmannskap på 15 – 20 personar frå ei rekkje bedrifter i Skånevik, i sving. Utstyrt med solide tau gjekk dei i gang med å redda hestane som stod bom fast og kjempa for livet.
Med mykje strev og slit, greidde mannskapet å få stroppe under hestane og drog dei opp éin etter éin, med å dytta i dyra og dra i tauet.
I løpet av eine times intenst og hardt arbeid blei begge hestane berga. Også traktor og gravemaskin var komne til, men blei ikkje tatt i bruk
— Det såg ille ut, men det blei ein lukkeleg slutt. Begge hestane kom uskadde frå hendinga. På vegner av hesteeigarane, Angelica Haga Røberg og Anita Leknes, vil eg retta ein ekstra stor takk til alle som drog frå jobb og stilte opp, seier Lise Åsheim.