Joakim Rønnevik har ambisjonar om å nå høgt på heimebane.
Joakim Rønnevik har ambisjonar om å nå høgt på heimebane.

Køyrer for pallen på heimebane



Han er klar for rallycross junior cup på heimebane.

Etter første runde ligg vikedalsbuen Joakim Rønnevik (17) på andre plass, no vil han ha ei ny pallplassering. 

Rallycross junior cup køyrer sine løp saman med NM-klassane i Supernasjonal, og no er det altså klart for ein ny NM-runde på Vikedal Motorbane førstkomande helg, ein bane Rønnevik ikkje har konkurrert på i rallycross junior cup samanheng.

— Eg gler meg veldig til dette løpet på heimebane, seier han, og opplyser at det meste med bilen er klart til løpet.

— Berre nokre småting står igjen før den er løpsklar.

Etter den første runden i cupen på Gardermoen i slutten av april, var det ulydar i motoren. Dette er no retta på.

— Me har køyrd ein test på Vikedal Motorbane og då fungerte alt som det skulle, seier han.

I tillegg til eit godt resultat håpar 17-åringen at publikum tar turen til Vikedal Motorbane i helga.

— Det er god deltaking i alle klassar, så dette må bli eit topp stemne både laurdag og søndag.