Tre personar, alle menn, er frakta til sjukehus etter at bilen dei sat i hamna utfor vegen på E134 halvanna kilometer vest for Skjold like før kl 20.00 måndag kveld.
Lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord opplyser at dei tre er polske borgarar på 31, 58 og 25 år som arbeider i distriktet.
— Ein av dei tre mennene blei sitjande fastklemt inne i bilen og måtte ha hjelp for å koma ut. Dei to andre fekk mindre skadar, seier Gjærde, og fortel at ein av mennene vart flogen til Stavanger universitetssjukehus, ein vart frakta til Haukeland universitetssjukehus og ein til Haugesund sjukehus.
Bilen dei køyrde var på veg austover og hamna på eit jorde på nedsida av vegen.
Politiet kan førebels ikkje seia noko om årsaka til ulykka.
Det er 80 km fartssone på ulykkesstaden.