Arrestert etter truslar

Ein mann i 40-åra bli natt til tysdag oppsøkt heime i Vindafjord etter at han tidlegere hadde trua to forskjellige menn via sms. Ingen av mennene kjente vedkomande frå tidlegere. Politiet som blei kopla inn i saka, opplyser at truslane kom heilt overraskande på dei to og blei opplevd som svært ubehagelege.

Politiet prøvde først med formaning av mistenkte per telefon, noko som førte til at han begynte å plaga politiet sin operasjonssentral med rundt 30 oppringingar, kor han enten spelte høg musikk eller kom med ukvemsord.

— Med bakgrunn i dette oppsøkte ein patrulje mannen heime. Då gjorde han det klart at han ikkje ville la seg diktera og gjorde seg klar til slåsskamp. Mistenkte blei passivisert med peparspray og deretter transportert til sentralarresten. Her vil han få høve til å bli avhørt, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt

Saka vil bli etterforska av Vindafjord lensmannskontor.