Heilt på jorde

Ein bonde i Vikedal meldte tysdag til politiet at uvedkomande har brukt eit jorde på garden hans til villmannskjøring med bil.

Hendinga skjedde natt til laurdag, og ifylgje politiet er bonden lite nøgd med det som skjedde ettersom det aktuelle jordet blir nytta til grasproduksjon.

Politiet ber om tips i saka.