Det var i denne svingen Sigbjørn Rafdal køyrde utføre, og omkom då han fall 50 meter ned på jernbaneskinnene. Foto: Karmøynytt
Det var i denne svingen Sigbjørn Rafdal køyrde utføre, og omkom då han fall 50 meter ned på jernbaneskinnene. Foto: Karmøynytt

Omkom i sykkelritt

Det var 48 år gamle Sigbjørn Rafdal frå Etne, som omkom då han fall utføre ein skrent mens han laurdag deltok i sykkelrittet Bergen – Voss, melder operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Frode Kolltveit.

Det var like før klokka 08.30 laurdag morgon at politiet fekk melding om at ein mannleg syklist hadde køyrt utføre vegen ved Risnesvegen i Trengereid i Arna. Han fall ned ein 50 meter høg skrent, ned til toglinja og han blei funnen i enden av skråninga, inntil togskinnene, melder Bergens Tidende. Fleire ambulansar rykka ut til staden og gjenoppliving blei forsøkt, men rundt klokka 09.00 bekrefta politiet at mannen var omkomen.

Dei pårørande er no varsla, melder Kolltveit.

Sykkelrittet som går frå Bergen til Voss, blei ikkje stansa for dei andre deltakarane. Etnesyklistar som sykla i pulja i saman med Sigbjørn Rafdal, braut løpet og blei transportert til Voss. Dei syklistane som var komne lengre i løypa, fekk først vita om dødsfallet då dei kom i mål på Voss.