— Påkjørt med vilje

Fire tyske turistar i alderen 50 til 70 år på fisketur i ein lånt båt ved Skånevik, fekk seg tysdag ettermiddag eit aldri så lite sjokk. Medan dei var nær eit oppdrettsanlegg, blei dei påkjørt av folk med tilknyting til anlegget.

— Dei har opplevd påkjørselen som svært dramatisk, opplyser operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Opplysningar politiet har fått tyder at båten med dei tyske turistane i, var blitt påkøyrt med vilje av ein båt tilhøyrande fiskeoppdrettet.

Politiet som fekk melding om den uvanlege hendinga like etter kl 16.00, har sendt ein patrulje til staden der dei vil ta kontakt med mannen bak roret på båten frå fiskeoppdrettet.

Det er forbode mot fisking nær slike anlegg.

Siste:

Politiet har vore i kontakt med båtføraren frå oppdrettsanlegget. Han har erkjent at han har vore ute i båten og hatt kontakt med tyskerne.

— Uten å gå detaljert inn i forklaringene til partane vil det vera korrekt å seia at forklaringene på kva som har hendt er ulike, og at det ikkje føreligg noko erkjenning av skyld, heiter i dei oppdatert melding frå politiet.

Slik saka står kan ikkje politiet konkludera med kva som har hendt.

— Det vil bli oppretta ei straffesak som vil bli etterforska videre. Når det er gjort, vil det vera mulig å konkludera. Ingen er sikta i saka og det er ikkje mistanke om båtpromille hos nokon av partene, opplyser Utne-Reitan.

Etne og Vindafjord lensmannskontor vil følgja opp saka.