Joakim Rønnevik beste junior igjen. Foto: Holtenmedia
Joakim Rønnevik beste junior igjen. Foto: Holtenmedia

Til topps igjen

Vann NM-runde i jr-klassen.

Laurdag kunne Joakim Rønnevik (17) frå NMK Vikedal nok ein gong klatra til topps i rallycross junior cup. På laurdag vann han klassen under den tredje NM-runden på Momarken Bilbane.

— For meg blei dette sjølvsagt eit kjempeløp, både bil og alt anna fungerte heilt topp gjennom heile dagen, seier 17-åringen frå Vikedal, som har hatt dette som eit mål lenge.

— Det har vore ein del motgang i det siste, og då er det ekstra herleg når alt fungerer og eg kunne køyra inn til siger.

Grunnlaget for sigeren la han gjennom dei innleiande omgangane, der det blei to andretider og ei første tid.

— Dette gav meg det beste startsporet i finalen, og eg greidde å forsvara posisjonen ut frå start og var først gjennom første sving, seier Rønnevik, som takkar dei som hjelper han for å kunna køyra eit pikkfritt løp som på laurdag.

— Eg takkar heile teamet som står på for meg heile tida.