Politiet undersøkte åstaden sundag kveld og kunne lett konstatera at skadane på bustadhuset var store.
Politiet undersøkte åstaden sundag kveld og kunne lett konstatera at skadane på bustadhuset var store.

Varetektsfengsla

Mannen i 50-åra som er mistenkt for skadeverk av bustadhus med traktor og uforsvarleg køyring i Etne, er i Haugaland tingrett tysdag varetektsfengsla i fire veker.

Politiet fekk klokka 17.44 sundag ettermiddag melding om at ein mann køyrde villmann med ein traktor i Etne.

— Mannen køyrde i ein annan traktor og gjorde store skadar med traktor på eit bustadhus før han stakk av i ein varebil, opplyser operasjonsleiar Norunn Byrknes ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Då politiet forsøkte å stansa varebilen, køyrde mannen inn i politiet. Mannen blei kort tid etter stoppa i Etne sentrum kor han krasja i ein parkert bil.

— Mannen er no pågripen og blir køyrt til sjukehus, seier Byrknes, som opplyser at ingen andre personar enn den pågripne er fysisk skadde. Det er førebels ukjent kor hardt skadd mannen er.

Politiet har ikkje fått undersøkt åstaden eller snakka nærare med vitne enno.

Kl 2025:

Politiet er og undersøker åstaden. Det viser seg å vera store skader på bustadhuset.

Mannen som ble pågripen er i 50-åra og framleis på sjukehus.

Kl 2040:

Etne kommune har ute eit kriseteam som tar seg av familien som har fått øydelagt huset sitt.

Måndag klokka 13.45:

Lensmann Ingvar Gjærde opplyser at mannen er overført frå sjukehuset til politiarresten, og at han er avhøyrt og vil bli framstilt for varetektsfengsling i løpet av dagen.

— Parallelt med dette føregår det åstadsgransking og etterforsking, og kommunens kriseteam hjelper familien som vart råka, seier Gjærde. Han opplyser at tre av familiemedlemmene som bur i huset var i huset då mannen i 50-åra raserte det.