Berge Kjell Opsal meiner opningssesongen i Vikedal for laksefiske ser bra ut. Høyrer du jubelrop frå elva i helgene framover, er det sikkert ein gladlaks av ein sportsfiskar som har hekta fisken på kroken.
Fleire ivrige sportsfiskarar frå distriktet var spente på om fisken tok agnet då dei gjorde seg klar til opninga av sesongen i Vikedalselva natt til torsdag.
Leiar i Vikedal Elveeigarlag, Berge Kjell Opsal, fortel at elleve laks lét seg freista av agnet opningsnatta. Den største vart målt til 6,8 kilo og vart tatt av Kjell Selvaag frå Sandeid.
Den største fisken for helga drog Hans P. Salbu på land ved Hallingstadstryka i sone sju, og den var heile 10,5 kilo. Totalt er det i opningshelga fanga 51 laks på til saman 204,9 kilo.
Les heile saka i dagens papir-/eavis. Her finn du også stor reportasje frå Vats der fotballproff Håvard Nordtveit var med og opna den nye og flotte kunstgrasbanen.
I tillegg kan lesa om kva kjente rikspolitikarar som kjem til Etnemarknaden 2013 for å diskutera helsepolitikk like før valet, om ein 16-åring som drar til Frankrike for å gå på vidaregåande skule, og reportasje om vikarane som held maskineriet i gang når mange tar ferie.
Og så har me vore i Skånevik og lodda stemninga før bluesfestivalen som brakar laust onsdag.