Det er denne statua av den sitjande jenta som ut mot fjorden, som er stolen frå parken i Ølen. Foto: Vindafjord kommune
Det er denne statua av den sitjande jenta som ut mot fjorden, som er stolen frå parken i Ølen. Foto: Vindafjord kommune

Etterlyser statue

«Sitjande jente» stolen i Ølen.

Ei bronsestatue laga av kunstnaren Arne Mæland, er søkk borte frå den kommunale Joa Kari-parken i Ølen.

— Kunstverket som truleg er rundt 40 kg tungt, er forsvunne ein av dei siste dagane. Har nokon opplysningar i saka, er me svært interessert i det, seier lensmannsbetjent Vidar Haraldseid ved Vindafjord lensmannskontor til Grannar.

Tjuveriet blei oppdaga tysdag føremiddag i samband med eit arbeid i området. Fungerande ordførar Steinar Skartland dukka sjølv opp hos politiet og meldte om den mystiske forsvinninga. Statuen var skrudd fast i ei granittplate.

Om det dreier seg vinningstjuveri eller pøbelstrekar kan politiet flrebels ikkje uttala seg om.

Joa Kari er parken mellom Ølen sentrum og kjøpesenteret og blei offisielt opna av kronprisparet i 2009.