Det legendariske britiske folkrockbandet Fairport Convention spelar likevel ikkje under Rootsfestivalen laurdag kveld. Festivalarrangøren i Vikedal melder at ein brann på Heatrow flyplass i London førte til at bandet sitt fly måtte innstillast.
— Det er ikkje opna seg annan mulegheit til å fly inn Fairport Convention inn tidsnok til kveldens konsert, opplyser festivalsjef Jarle Ness.
Arrangøren har jobba på spreng og er glade for å finna ein god erstattar i Bjørn Berge. Dermed blir det likevel konsertstart kl 20.30 i kveld.
Rootsen som begynte torsdag, har hatt ein god start båade musikals og publikumsmessig. Fredag kveld var det svært godt besøk då Vamp med tidlegare vokalist Jan Ingvar Toft spelte. Rapportane fortel om ei flott konsert med topp stemning.
Grannar kjem attende med meir stoff i Rootsfestivalen.