Innbrot i Vikebygd

Politiet fekk torsdag melding frå ein bebuar i Vikebygd om at uvedkomande hadde tatt seg inn huset. Det skal dreia seg om grovt tjuveri frå bustaden, men det er førebels ikkje opplyst kva som er stole. Politiet var på åstaden om kvelden.