Innbrot i Vikebygd

Ein huseigar som kom heim til Vikebygd etter to månadar på ferie, blei møtt av ei ubehageleg overrasking. Eit heilt vindauge var teke bort, og ubedne gjester hadde tatt seg inn i huset og forsynt seg av både sølvtøy, smykke og klokker.

Lensmann i Vindafjord, Ingvar Gjærde opplyser at det er gjennomført åstadsgransking, men at tjuvane framleis er på frifot.

— Me har hatt ein del innbrot i Vikebygd i seinare tid, og utan nokon misstenkte i kikkerten må me be folk om å vera obs på dette, seier lensmannen.