Anders Hundseid frå Etne skyttarlag er ein av finalistane i Westcon Cup i regi av Sunnhordland skyttarsamlag. Dei tolv innleiande stemna i cupen er nå gjennomførte, og finalegrenser og lagvise finalistar er presenterte på skyttarlaget si nettside.
Dei to siste stemna vart arrangert i Odda og Røldal sist helg med gode resultat trass noko vekslande vind. Med strålande 348 poeng i Røldal tok Anders Hundseid steget inn blant finalistane og favorittane i cupen.
Samla sett står Kirsten Vorland frå Bømlo i kl. V65 for den sterkaste prestasjonen. På fem stemner mista ho eitt poeng og oppnådde 1.749 av 1.750 moglege.
Finalane går på Midthølen skytesenter i Kvinnherad, den 7. september.