Onsdag var det samla både dalsfolk og folk frå Osen i Vikedal, ved motorbanen.
NMK Vikedal hadde motordag. Då hadde dei opvisning i mellom anna rallycross, knattecross, bilcross og crosskart.
I tillegg var det moglegheiter for sertifiserte bilførarar å få prøva seg på bilcross, samt vera passasjer i rallycross, ved banen i Vikedals-dalen.
Den store hendinga denne dagen var likevel opninga av ein etterlengta ballbinge og BMX-bane.
Nicolai Andreassen (11) synest det var kjekt å få ein BMX-bane like ved motorbanen. Han fekk æra av å opna sykkelløypa rett ved den nye ballbingen.
— Eg håpar at dette blir ein flott møteplass for dei unge, seier Arild Austrheim, ein av pådrivarane for prosjektet.
Du kan lesa meir om dette i den kommande torsdagsavisa.