— Det seier seg sjølv at me trivest her når me har budd her i 25 år, seier Bent Davdsen (51) frå Vea.
Han har som mange andre gode barndomsminner frå feriestaden i Imsland og desse ville han vidareføra til sine barn.
— Det er miljøet som skapar plassen. Eit flott vertskap og kjekke folk som ferierar her, meinar veabuen.
Sverre Hustveit (39), styrar av campingplassen, skryt av engasjerte gjester. Guri Hustveit (68), som starta campingplassen for 50 år sida seiar at det er bare vore kjekt å driva feriestaden, når gjestene er så positive og er med å hjelper til om det er noko.
Heile 14 familiar har budd fast ved campinga som ferierande i over 25 år. I helga var mange av desse samla og feira Ølmedal camping sin 50-årsdag.
Les meir om feiringa i papiravisa.
I tillegg kan du lese om frykta for trafikkulukker i Skånevik, planar om klubbhus på Ølen stadion, valet og kunstnar Nina Stråtveit, samt prestasjonane til Bjørn Kjetil Skipevåg og Anders Hundseid på landsskyttarstemnet på Oppdal.