Ein patrulje frå UP registrerte 15 fartsbrot i Ilsvåg ved Sandeid i ein kontroll som blei gjennomført i 60-sona mellom kl 18 og 21 torsdag kveld. To av sjåførane fekk førarkortet inndrege, éin var utan førarkort, medan tolv av dei som blei stoppa fekk førelegg.