Det er ein livleg tone mellom dei fem elevane som møtes igjen etter ferien. Etter sju år i barneskulen er Annika Ørnes Mæhle (t.v), Andreas Hansen, Jens Emanuel Hjemdal, Ingrid Kringlebotten og Therese Hardeland (framme) svært klare til å starta på ein ny skulekvardag som ungdomsskuleelevar. Litt sommarfuglar i magen kan kanskje sporast, men det er ikkje så veldig mange.

Foto: Grethe Hopland Ravn
Det er ein livleg tone mellom dei fem elevane som møtes igjen etter ferien. Etter sju år i barneskulen er Annika Ørnes Mæhle (t.v), Andreas Hansen, Jens Emanuel Hjemdal, Ingrid Kringlebotten og Therese Hardeland (framme) svært klare til å starta på ein ny skulekvardag som ungdomsskuleelevar. Litt sommarfuglar i magen kan kanskje sporast, men det er ikkje så veldig mange. Foto: Grethe Hopland Ravn

Klare for karakterar

Ser fram til valfag og meir språk

I dag gjekk det 189 ferske åttandeklassingar gjennom skuleporten på dei forskjellige skulane i Etne og Vindafjord kommune. Felles for dei alle er at ein ny kvardag på ungdomsskulen ventar, og det kan verka både forlokkande og litt skremmande.

Fem av dei ferske ungdomsskuleelevane er Andreas Hansen, Jens Emanuel Hjemdal, Annika Ørens Mæhle, Ingrid Kringlebotten og Therese Hardeland, som er elevar ved Enge skule i Etne.

Dei ser stort sett fram til å starta skulekvardagen igjen, men er skjønt einige med kvarandre i at sommarferien ikkje er å forakta.

— Eg har hatt det kjekt i ferien, men nå er eg klar til å begynna igjen. Det skal bli spennande med både nye lærarar, nye folk og nye elevar i gangane, seier Therese Hardeland.

På Enge skule i Etne har nemleg barneskuleelevane og ungdomsskuleelevane kvart sitt bygg, og frå å vera dei eldste på barneskulen, går dei no over i nytt bygg og blir dei yngste.

Meir ansvar

Å bli dei yngste på gangen er ikkje så skummelt meiner ungdommane, for dei kjenner dei aller fleste elevane der frå før. Annika Ørnes Mæhle gler seg spesielt til å få større fridom, tilgang på skulekantine og så får dei lov til å ha tyggegummi i timane.

— Me får større ansvar for oss sjølve, og det ser eg fram til, seier ho

Ingrid Kringlebotten ser fram til å få større tilgang på mobiltelefonen gjennom skulekvardagen, og er einig med Mæhle at større ansvar skal bli greitt.

Karakterar

Noko av det som er nytt når ein startar i ungdomsskulen er at ein får karakterar på arbeidet. Andreas Hansen og Jens Emanuel Hjemdal ser fram til å få karakterar på skulearbeidet sitt, og dei er ikkje nemneverdig nervøse for eigen prestasjon. Likevel er dei ganske einige om at innsatsen med heimelekser må truleg justerast opp eit par hakk frå no av, skal resultata bli tilfredsstillande. Rykta om større krav og meir heimearbeid har for lengst nådd dei ferske ungdomsskuleelevane, og det er med ei viss spenning dei ser fram mot første skuledag.

— Me får større ansvar for oss sjølve, og det ser eg fram til

Dei fem ungdommane er ein del av ein klasse på heile 46 elevar, som har vore todelt fram til dei gjekk på sommarferie i år. Når dei no startar i ungdomsskulen skal dei framleis vera todelte, men klassen er blitt miksa og delt på nytt igjen, så dei fleste vil nok oppleva ein ny klassesituasjon. Elevar frå krinsskulen kjem til Enge skule i 5.klasse, så i følgje rektor Morten Odèen, er det berre ein ny elev i klassen dette året. Ein elev som er heilt ny, og som truleg har dei aller største sommarfuglane i magen denne dagen.

Valfag og språk

Den største forandringa på timeplanen for elevane, blir to valfag kvar. Eit obligatorisk språkfag, der elevane kan velja mellom tysk, spansk og engelsk. Og eit valfag der elevane kan velja mellom Fysisk aktivitet og helse, Sal og scene, Produksjon av varer og tenester og Design og Redesign.

Andreas Hansen og Annika Ørnes Mæhle har valt tysk, mens Jens Emanuel Hjemdal, Therese Hardeland og Ingrid Kringlebotten har valt spansk.

— Det skal bli spennande å prøva noko nytt, seier Therese Hardeland.

Dei skal også få god tid til å komma nært innpå elevane som er eitt år eldre enn dei sjølve. Dei var i fjor dei første elevane som fekk gjeninnført valfaget, og i år skal valfaga gjennomførast på tvers av klassetrinn. Dermed kjem elevane tett på kvarandre, noko som dei meiner er positivt. Elevane har god tru på at livet som ungdomsskuleelevar skal bli både spennande og kjekt.