Namn frigjeve

Det var den 66 år gamle Jostein Oddbjørn Lunde fra Ølensvåg som omkom i drukningsulukka på Romsa i Vindafjord natt til lørdag 24.08.13. Det er rutinemessig oppretta sak på forholdet og Lunde vil bli obdusert kommande veke. Saka blir følgt opp av Vindafjord lensmannskontor, melder operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Jarle Utne Reitan.

Det var klokka 04.20 politiet fekk inn melding om ei drukningsulukke ved Romsa natt til laurdag. Ein mann blei funnen livlaus i vatnet ved kaianlegget der det var fortøydd fleire båtar, melde operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Agnar Austrheim laurdag.

Mannen blei tatt på land og livreddande førstehjelp blei sett i gang av personar på staden. Luftambulanse og ambulansebåt blei sendt, og helsepersonell heldt fram med livreddande førstehjelp då dei kom til staden. Likevel sto livet til mannen ikkje til å redda.

Det er uklart om mannen fall frå brygga eller frå båt, for det var ingen vitne til ulukka.