To personar i 20- og 30-årsalderen blei natt til tysdag framstilte for lege for å sikra bevis for det politiet trur er båtpromille. Duoen var ute i båt seint på kvelden og har sannsynlegvis køyrt tom for bensin ved eit oppdrettsanlegg nær Skånevik.
— Dei tok seg opp på anlegget og blei oppdaga av personell som dreiv servicearbeid, opplyser operasjonsleiar Trond Olav Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.