— Det skal vel litt til at eg ikkje kjem til finalen slik det ser ut no, seier Bjørn Kjetil Skipevåg.
Han har femte raskaste tid i felthurtigskytinga, populært kalla stup, og med ein klasse igjen å skyte i kvalifiseringa, er det lite sannsynleg at han ikkje får finaleplass. Finalen er på fredag og blir sendt direkte på NRK.
Gardbrukaren har ikkje tid til å vere på landskyttarstemnet og reiste tilbake til Vikedal etter han var ferdig med skytinga. Dermed blir det ein ny tur til Oppdal.
— Det er andre stemnet mitt i år, og finalen er ein bonus for meg. Eg har hatt minimalt med trening og hadde ikkje venta meg så mykje, seier han.
Skipevåg har vore i finalen i felthurtigskyting fire gonger før, sist i 2005. Felthurtigskyting er å hive seg på bakken og skyte ned tre blinkar på raskast mogleg tid. Han noterte 8,71 sekund, medan det beste resultatet så langt er 8,00.
Anders Hundseid frå Etne som overraskande vann felthurtigskytinga i 2010, hadde ikkje den same forma inne i år.