Anders Hundseid imponerer på landsskyttarstemnet
Anders Hundseid imponerer på landsskyttarstemnet

Så utruleg nær

Anders Hundseid frå Etne var så nær å kome på kongelaget som det går an.

I Oppdal går Landsskyttarstemnet 2013 mot slutten, og fleire lokale hevdar seg. Torsdag var den rutinerte ungguten Anders Hundseid utruleg nære kongelaget. Med poengsummen 245, var han berre eitt poeng frå kongelaget, og på plassen bak dei 12 som kvalifiserte seg til den gjæve finalen.

— Det har gått veldig bra, eg er veldig fornøgd med skytinga mi. Eg skaut jo fullt i finalen, og var på delt førsteplass ei stund med fem-seks andre. Men det var ekstremt jamt i år, så det var veldig nære på.

Hundseid har kome på kongelaget med same poengsum før, så det fortel kor jamt det faktisk var. Han enda til slutt på ein 13. plass. Og Hundseid er allereie klar for nye konkurransar.

— Det kjem jo fleire sjansar, seier den ambisiøse skyttaren.

Bjørn Kjetil Skipevåg kom i innleiande rundar på femteplass i felthurtigskyting. Han er derfor komen i finalen i felthurtigskyting, populært kalla stup og skal i duell mot Roy Håkstad i dag. Skyttaren frå Vikedal skal i elden i kveld, og finalen blir vist på NRK tv klokka 20.00.