Sommaren er på hell, og dei siste dagane i august gav både sol og varme, noko det var ein god del av denne månaden. Ved Meteorologisk institutt sine målestasjon i Vats, var snitt-temperaturen siste 30 døgn 14,6 plussgrader. Dette er 1,2 gradar over normalen.
August har bydd på skikkeleg varme: Heitaste dag var 2. august då den offisielle gradesokken viste heile 27,0 grader i Vats. Men også kjølig vêr; som 16. august då det blei registrert 4,5 grader.
Ingen har gløymt dei kraftige regnbøyene som skylte over oss i august. Samla nedbør i Vats siste månad var 242,4 mm. Mest regn på eit døger hadde målestasjonen 53,2 mm, eit par dagar etter månadens varmaste dag.
Den varmaste dagen i sommar var 23. juli då temperaturen blei målt til 27,2 grader i Vats.