Det var storutrykking torsdag kveld då det blei meldt om bilbrann på vegen mellom Etne og Skånevik, vest for Øvstebø. Både brannvesen, ambulanse og politi rykte ut til staden.
Operasjonsleiar Oddvar Olsen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at det var éin personar i bilen. Føraren merka at det lukta svidd, og då han stansa og opna panseret, var det full fyr i motoren. Ingen kom til skade.