Me har kome til Stordalen i Grannar-serien «Bygdestreif». I samband med vårt 40-årsjubileum har me sett mål av oss å gjennomføra 13 fotoreportasjar i løpet av året for å skildra bygdene i kommunane Vindafjord og Etne.
Tidlegare har me presentert Vats, Åkrafjorden, Ølensvåg, Sandeid, Skånevik, Vikedal og Skjold, og no har turen komen til Stordalen. Reportasjen står på trykk i Grannar nr 62, som kjem ut torsdag 29. august.
Samstundes inviterer me lesarane våre til å senda oss bilete frå Stordalen, inkludert Sævareid og Kyrping. Bileta vil bli publiserte i eit eige fotoalbum i nettavisa.
Vil du dela eit bilete frå bygda di, send biletet i ein epost merka «Stordalen» til foto@grannar.no. Ta òg med ein liten tekst, samt namnet på fotografen. Det er viktig at det er breiddebilde du sender oss ettersom dette er formatet me brukar på bilde i nettavisa!