Sildakongen heldt liv i Sjoargata i Ølen på laurdag, då det var duka for sildebord på Westcon si rekning.
Astrid Haugland synest at Sjoardagen var fornøyeleg med flott vêr og mykje folk i den vanlegvis ikkje altfor travle gata. Ho og vener sat og koste seg med sjømat i varmen, og let seg underhalda av den høglydte Sildakongen.
Torstein Christiansen meiner at dette bør dei klara å få arrangert kvart år.
Bra for handelsstanden
— Det er bra for handelsstanden i Ølen, utdjupar han og visar til at jamvel om senteret i Ølen tok mykje av livet vekk frå Sjoargata, så har butikkane i den gamle Ølen-gata klart seg godt.
— Etter at eg selde bakeriet for 15 år sida, så står dei her enda. På senteret derimot har dei måtte leggja ned både ein og to gonger. Han peikar på den korte avstanden frå E134 til butikkane i Sjoargata som ein fordel.
— Det er likevel viktig at me skapar liv her. Me er for lite flinke til det i Ølen, meiner den tidlegare bakaren.
Ølen bør bli flinkare
Evelyn Heggen (36) synest at Sjoardagen er eit flott tiltak.
— Ølen treng å samla folk. Ho viser til alle dei andre bygdene som får det så fint til med ulike arrangement.
Det var fleire som ymta frampå at Vindafjord sitt sentrum bør verta flinkare til å stella i stand arrangement for innbyggjarane.
Barna Adrian Heggen (2) og Kristina Heggen (4) fekk med seg konserten til tanta deira, Karoline Taraldsøy, og mykje anna kjekt som vart arrangert for store og små.
Det var mellom anna mogleg å køyra gokart bak meieriet, ri på ponni frå Frønsdal aktivitetsgard, sjå og sitja på med gamle veteranbilar, og delta i gatelaup.
Sjoarsprinten
Arianah Thorstad (3) og Mia Østerås Lothe (3) storkoste seg i lag under Sjoardagen. Dei sprang i mål på likt, hand i hand i løpet for barnehagebarna, og fekk flotte premiar på målstreken.
Pappa Jørn Thorstad kom til Ølen for halvanna år sida frå Meløy og trivest godt i bygda.
— Det er artig at dei lagar liv og røre for små og store, synest han og nemnde at det såg mørkt ut natt til laurdag med kraftige torebyer.
— Me er kjempeheldige med vêret, meiner han.
Det var mange som hadde meldt seg på Sjoarsprinten og det var deltakarar frå treårsalderen og opp til vaksne som deltok.
For dei som vaks opp med Heggjolaupet, var det nok mange som fekk gode minne og assosiasjonar ved at dei steller i stand slikt for barna i dag også.
Som i gamledagar
Sildakongen påstod at så mange som 700 var innom og fekk mat av han på dagen. Han synest at det er bra at folk trekker ut i gatene og at det er lagt til boder og slikt der folk kan handla, treffast og slå av ein prat. Han prøvde seg også på ein liten auksjon, slik som var vanleg frå gammalt av på slike handelsdagar. Oppslutnaden om dette på laurdag, var ikkje så stor.