Målrik kamp

Langt svakare plasserte Stegaberg skulle bli ein tøff motstandar for Etne i fotballens 5. divisjon. Gjestene frå Tysvær leia store deler av torsdagens oppgjer på kunstgraset i Etne. Stegaberg leia både 2-0 og 1-3. Til slutt greidde topplaget å ri av det som kunne blitt eit nederlag. Resultatet blei 4-4 (1-2). Skudenes vann 3-0 over Falkeid og knappa dermed inn på leiarlaget. Etne ligg likevel svært godt an til opprykk ettersom det er to lag frå puljen som får plass i 4. divisjon neste sesong.