Sveio blei slått 7-0 då dei torsdag gjesta Etne kunstgrasbane. Heimelaget fekk berre utteljing éin gong i første omgang, men etter kvilen lausna det skikkeleg for Etne som dermed sikra topplasseringa på tabellen i fotballens 5. divisjon.
Argaste rival om opprykksplassen, Skudenes gjekk på ein overraskande smell mot Kåsen og tapte 2-1. Dermed har Etne seks poeng leiing til laget frå Sør-Karmøy som har éin hengekamp.
Mykje kan bli i avgjort i kampen om det attraktive opprykket til 4. divisjon komande torsdag. Då drar Etne til Skudenes. Det står framleis 15 poeng å spela om, men med den forma dei grønkledde har vist i haust, blir dei vanskelege å stoppa.
Skjoldar Vats 94 spela uavgjort 0-0 ute mot Falkeid fredag og kjempar om å unngå nedrykk. Med tre poeng opp til plass som sikrar fornya plass i 5. divisjonen, er det fullt mogeleg å greia det.
I 4. divisjon tapte Ølen heile 11-0 ute mot Vedavåg Karmøy laurdag. Laget har alt innsett at det blir nedrykk.