Westcon-gruppa med base i Ølensvåg fekk eit rekordgodt fjorår resultatmessig trass mindre omsetning. Resultatet før skatt passerte 500 millionar kroner.
«Rekord utan sidestykke» skreiv Grannar i omtalen av resultatrekneskapen til Westcon-konsernet for 2011, då resultatet før skatt på 381 var ei tredobling frå året før. Nå har den familieeigde verfts- og industrigruppa lagt fram tala for fjoråret som viser over éin halv milliard i resultat før skatt.
— Me er sjølvsagt svært tilfredse med slike tal. Først og frem er me svært stolte over korleis organisasjonen har stått på og levert gjennom eit år med stor aktivitet og høg utnyttingsgrad av anlegg og kompetanse. Den høge aktiviteten løftar omsetning og resultat, seier Arne Birkeland, som nyleg overtok som konsernsjef i Westcon Group.
Avsetjingar som inntekt
Bak tala til eit historisk godt resultat ligg oppløysning av garantiar og reserver frå nybygg og riggoppdrag, som strekkjer seg fleire år tilbake i tid. Desse avsetjingane gir eit vesentleg bidrag til overskotet. Justert for disse gav den underliggande drifta i 2012 ein resultatmargin på nivå med tidlegere år.
— Dette er marginen me bør ligga på ved full kapasitetsutnytting, seier Birkeland.
Den varsla riggboomen i 2014 er langt på veg avlys
I 2011 var det gigantoppdraget for italienske Sapiem med å ferdigstilla oljeriggen Scarabeo 8 som drog opp volumet for konsernet med hovudanlegg i Vindafjord. I løpet av fjoråret har verftet i Ølensvåg tatt imot ei rekkje riggar for oppgradering og reperasjon, og greidd å halda oppe ein stor aktivitet. For konsernet fall omsetninga likevel frå 4,4 til 2,5 milliardar, medan driftsinntektene i 2010 var på 1,7 milliardar.
Store investeringar
Konsernet består av Westcon Yard AS, Westcon Power & Automasjon og Westcon Løfteteknikk AS, samt ei rekkje underliggande selskap. I løpet av 2012 er Westcon Invest AS stifta, medan Westcon Yard Florø AS og Westcon Design Florø AS er kjøpt opp.
Den nye konsernsjefen viser til at gruppa opererer i ein prosjektdriven bransje med store svingingar, og at store deler av overskotet blir investert i oppgraderingar av anlegget. Dei siste 20 åra er det investert for over 600 millionar i utbetring av verftet i Ølensvåg, og Westcon investerer nå ytterlegere 200 millionar i Ølen og Florø.
— Dette må til for å gjera oss endå meir attraktive for kundane, seier Birkeland.
Gruppa har i overkant av tusen tilsette, flesteparten av desse i Ølensvåg. Mangel på oppdrag har ført til nokre permitteringar dei fleste av desse i Florø.
Tøffare
Konsernsjefen innrømmer at Westcon har lagt bak seg to ekstraordinært gode og hektiske år, og at det skal godt gjerast å toppa slike resultat i 2013.
— For inneverande år har me så langt hatt meir ledig kapasitet og ser at marginane fell. Me hadde høg aktivitet i første halvår. Tredje kvartal er veldig slakt, fram mot jul blir det ein viss auke.
Den varsla riggboomen i 2014 er langt på veg avlyst då fleire oppdrag er gått til utlandet. Verftsopphalda til moderne riggar er godt planlagde og er dermed langt kortare enn det som har vore normalen for eldre riggar. Mange aktørar har dessutan ønska å satsa i denne marknaden, og dei kommande åra vil bli prega av overkapasitet, seier konsernsjefen.
Godt rusta
Han har likevel stor tru på at Westcon vil lukkast i denne konkurransen. — Selskapa i Westcon Group jobbar integrert, og har lukkast med å etablera Westcon som eit «one-stop-shop» for riggoppdrag. I tillegg til at verftet har ein infrastruktur på plass som gjer at me effektivt løyser komplekse oppdrag for våre kundar, er vår prosjektorganisasjon dedikert, samansveisa, og har eit godt innarbeida HMS-kultur. Totalt skaper dette verdifulle stordriftsfordeler.
Me er stolte av at Westcon skaper verdiar. Dette er viktig for lokalsamfunnet, for arbeidsplassane og for at me heile tida kan investera og utvikla oss til å levera stadig betre tenester til våre kundar, seier konsernsjef Arne Birkeland.