Mista lappen

UP hadde sundag ettermiddag fartskontroll i 80-sona på E134 på Liaheia i Skjold. Tre bilar blei målt med for høg fart.

To av førarane fekk førelegg, medan éin fekk inndrege førarkortet etter å ha køyrt i 112 km/t.