Regjeringa og samarbeidspartia vil ha fart på vegutbygging over Haukelifjellet. Arkivfoto
Haukelifjell er stengd. Arkivfoto

Varsling for Haukelifjell

Varsel på mobiltelefonen skal hjelpe bilistar som vil trygt over Haukeli.

Frå mandag er det mogleg å melda seg på ei SMS-teneste der ein kan få opplysning om vegen over Haukelifjell er open eller stengt. Informasjon om kolonnekøyring eller fare for stenging vert opplyst via SMS. — Me på vegtrafikksentralen ynskjer å formidla informasjon om denne SMS tenesta, som nå kjem i tillegg til den informasjon me har på vegvesen.no, seier faggruppeleiar for veginformasjon på Vegtrafikksentralen, Kjersti Hovemoen.

For å melda seg på tenesta: send HAUKELIFJELL START til 2252.

Her får ein oppdaterte driftsmeldingar og tenesta kostar ei krone for kvar mottatt melding. Vidare informasjon finst på vegvesen.no.

Gode dekk på bilen og rikelig med drivstoff på tanken er viktig før ein legg ut på biltur over fjellet, meiner Statens Vegvesen. Dessutan kan det vera lurt å sjekka vêrmeldinga og ha litt ekstra mat og drikke med seg i bilen.