Vann nesten éin million

Extra-kandidaten frå Etne kommune som hadde levert inn kupongen på Åkrafjordtunet, fekk ein inngangspremie på 330.990 kroner, mens toppremien låg på to millionar.

— Dama var ikkje med i tv-sendinga, men kunne likevel innkassera 827.475 kroner. Når vår representant kom i kontakt med vinnaren etter tv-sendinga var ho veldig skjelven, fortel medierådgjevar Henning Øium i Norsk Tipping.

Til Norsk Tipping fortel dama:

— Dette er ein kupong eg har levert i mange år, og eg kjente igjen fleire av tala då eg såg trekninga. Akkurat nå er eg åleine, mannen min kjem snart heim så nå må eg ordna ei overrasking. Kanskje skal eg pynta meg litt, tenna stearinlys og gjera klar ein dram til oss begge.

Det blir nok ikkje så mykje søvn i natt, men det gjeld å nyta dette i det lengste.