Energisk: Chris Jespersen har trena mykje og bra i sommar og haust. Han ser frem til vinterens første renn som er komande helg på Beitostølen.
Foto: svein Halvor moe
Energisk: Chris Jespersen har trena mykje og bra i sommar og haust. Han ser frem til vinterens første renn som er komande helg på Beitostølen. Foto: svein Halvor moe

Sterkare enn nokon gong

Gledeleg melding til alle ski-interesserte: Chris Jespersen (30) er betre trena og sterkare enn nokon gong

Det er ein offensiv og optimistisk skiløpar me møter i Trondheim.

— Eg har trena hardare og meir enn nokon gong. Eg er innforstått med at eg har tøya strikken til det yttarste på enkelte økter og i periodar. Det i håp om at det skal vera mulig å bryta nye barrierar, seier 30-åringen.

Balanserer

Forhåpentlegvis har terskeltreninga og dei andre harde øktene gjort Jespersen sterkare og i stand til å gå fortare enn før.

— Det er i alle fall håpet og målet. Samtidig er eg klar over at eg kan risikera å gå på ein smell når eg balanserer treninga på knivsegg, seier ein ærleg og openhjartig Chris Jespersen til Grannar.

Friskusen er ikkje redd for å gå nye vegar i håp om at det skal gi han eit løft. Langrenn er både jobb og hobby for mørkluggen.

Skuffelse

Jespersen har gjort ein solid treningsjobb det siste halvåret. Han har bokført fleire treningstimar enn nokon gong i dagboka. Det med tanke på at han skal vera best mulig rusta til å prestera både i vanlege distanserenn og i lengre løp.

Skiløparen frå Skånevik er også i år ein del av Team SkiGo. Han varsla på eit tidlig tidspunkt om at det var mest interessant å vera ein del av det opplegget. I motsett fall kunne det ha blitt landslag på Jespersen som i fjor vann det internasjonale opningsrennet på Beitostølen. Han blei likevel ikkje tatt ut til dei første verdscuprenna. Det var ein stor skuffelse.

Betre i staking

— Eg hadde prøvd å prikka inn toppforma med tanke på at eg skulle vera i stand til å prestera på Beito, og ikkje minst i dei første World Cup-renna. Eg må innrømma at det var frustrerande at skiforbundet valte å prioritera sine egne landslagsløparar framfor å senda dei som var i best form, seier Jespersen.

har tøya strikken til det ytste på enkelte økter

Han har hatt ein tendens til å bli sjuk rundt juletider. Småbarnsfaren tar dei grepa som er mulig for at det ikkje skal skje på nytt. Han har i vinter eit sterkt ønske om å vera på topp under NM, i slutten av januar, februar og i mars. Vasaloppet er eit av arrangementa som er blinka ut.

— Eg har blitt mykje betre til å staka. Men det er nok i kapasitetsløyper eg har størst muligheit til å hevda meg. Birkebeinerrennet er eit renn eg er spent på. Også Marcialonga bør passa meg ettersom det er ein bratt motbakke mot slutten, seier Jespersen.

Alpane

Nyleg har han vore i dei norditalienske Alper og trena, først og fremst på grunn av at han der får sjansen til å jobba inn skikjensla i 2-3.000-meters høgde på breen i Val Senales, men også på grunn av at det på denne årstida jamt over er mykje betre vêr i området rundt de mektige Dolomittene. Motivasjonen får seg gjerne eit bust i den augneblinken blaute myrer kan byttast ut til fordel for sol, blå himmel og nysnø i Val Senales.